Seks månedar i ei ny tidsregning

Tidsrekningo itte Elea kom te oss e definitivt noko heilt eget. Alt e så mykje større. Følelsane. Tankane om framtio. Alt. I dag e jento vår seks månedar. Allerede! Eg føle eg fødte i går. Den opplevelsen sitte langt framme i minnet. Finaste dagen. Me lar ikkje ein mulighet te å feira gå i fra oss her i familien - så i ittemiddag blir da besøk og taco. Og lilla kjole.

Halvtbursdagsbarnet har vore på trilletur no - og eg har lest gjennom FEM NYE mailar fra agenten min. Eg sendte svar på den siste i går. Ja - i går! Ho e effektiv den damo. E så vidt eg klare å holda tritt. Og ho har termin om kort tid. Eg fatte og begripe ikkje kossen ho får da te. Eg bøye meg i støvet. Så - no har eg fem nye e-postar å svara på. Heldigvis fem som e ein smule kortare enn dei forrige.

No har eg nett bestilt meg ei Pantonevifta fra Amazon.com som ska redda meg i kommunikasjonen med fabrikken i Kina. Eg har jo sendt dei trykket som ska vera på klærno på mail - men da e for riski å la dei laga farge ut i fra da. Alle PC-skjermar e jo forskjellige.. Så - min nye "Janne-gjer-ting-ho-ikkje-kan-ting" e å læra meg kossen eg bruke ei sånn vifta for å senda kodar te dei. Eg veit da hørres sjukt komplisert ut - og da frykte eg da e og. Men - eg får berre prøva. Nåken daga no - så komme ho i posten! Nåken som erfaring med fargekodar og tekstilproduksjon?


Gratulera med dagen te verdens beste dotter

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits